Gatehusmann

Gatehusmann (gadehusmand) ei eldre dansk nemning for ein husmann utan jord. Nemninga er ein del brukte i norske jordebøker på 1600-talet, særleg adelsjordebøker. Det gjeld helst plassar under hovudgardane i dei adelege godskompleksa

I Noreg har nemninga truleg vore nytta einast av dansktalande jordeigarar og jordebokførarar, og har neppe fått noko gjennomslag i norsk folkemål. Den bokstavelege tydinga var i følgje Ordbog over det danske sprog ein som budde i eit hus på «gadejorden», det vil seie på udyrka grunn som landsbyen åtte i fellesskap.[1] Det har såleis ikkje falle naturleg å nytte nemninga for husmenn innanfor eit norsk busetjingsmønster.

Den samtidige kjelda Arent Berntsen i verket Fructbar Herlighed[2] (1656) gjev i hovudsak den danske ordboka rett i si forklaring. Men Berntsen knyter ikkje omgrepet spesifikt til fellesjorda i landsbyane. Han seier tvert i mot at «gatehus gemeenlig byggis paa andre heele- eller halffve Gaardis Grunder». Han nemner elles at det vanlegvis er «Landsbye-Handvercks- eller Arbeys Folck» som bur i gatehusa. Han framheld at gatehusa er heilt utan jordveg, kanskje med unntak av «et ringe Støcke Jord» eller ein kålhage. Berntsen sidestiller gatehus med bakkestuer, men reserverer den siste nemninga for landskapa Skåne og Halland. Bakkestuene, i motsetnad til gatehusa, vart i følgje Berntsen ofte sette opp på «Fælis Marck eller Backer et Støcke Veys fra Byer».

Gatehusmann er ikkje registrert korkje i Norsk ordbok,[3] i riksmålsordboka eller i Ivar Aasens Norsk Ordbog.[4] Det er heller ikkje oppslagsord i Norsk historisk leksikon.

Gatehusmenn blir i adelsjordebøkene ofte nemnt i samanheng med og til skilnad frå omgrepet gardsete («Gaardsæder og Gadehusmænd»), og med desse uttrykka blir husmannsplassane skilde ut frå skyldsette avlsgardar og underbruk som også kunne vere integrerte i drifta av dei same hovudgardane.


Kjelder og litteratur

  • Berntsen, Arent: Danmarckis oc Norgis Fructbar Herlighed, København 1656, faksimileutgåve ved Selskabet for udgivelse af kilder til dansk historie, københavn 1971.
  • Fritzner, Johan: Ordbog over Det gamle norske Sprog, Tryggve Juul Møller forlag, Oslo 1954.
  • Hosar, Hans P.: Herre og bønder ved Jens Bjelkes adelsgods kring midten av 1600-talet. Hovudoppgåve i historie, UiO, haust 1981.
  • Ordbog over det danske sprog, utg. av Det danske Sprog- og Litteraturselskab, Gyldendal, København 1966.
  • Aasen, Ivar: Norsk Ordbog med dansk Forklaring, utg. av Vestmannalaget 1918 (først utg. 1873)

Notar

  1. Ordbog over det danske sprog: gadehus, gadehusmand, gadejord.
  2. Fructbar Herlighed 2. bok side 18
  3. Norsk ordboks metaordbok
  4. Norsk Ordbog