Gardsete

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gardsete (dansk gårdsæde) var ei (dansk) nemning for ein husmann med jord. Nemninga er ein del brukte i norske jordebøker på 1600-talet, særleg adelsjordebøker. Det gjeld helst plassar under hovudgardane i dei adelege godskompleksa

Gardsete er belagt i gammaldansk som garthsætæ. Endinga sete har samanheng med verbet å sitja. Ein finn att same endinga i uttrykk som drottsete og håsete. I Fritzners ordbok i gammalnorsk er uttrykket gardseti oppført berre med ei helt anna tyding, nemleg «Enden af den i heygardr oppsatte Høhesje».

I Ordbog over det danske Sprog blir gaardsæde definert som «person, der af en gaardejer havde faaet overladt brugen af en jordlod […] mod at hjælpe til med dyrkningen av gaardens jord».

I Noreg har nemninga moglegvis utelukkande vore nytta av dansktalande jordeigarar og jordebokførarar, og har neppe fått noko gjennomslag i norsk folkemål. Gardsete/gårdsæde er iallfall ikkje registrert korkje i Norsk ordbok,[1] i riksmålsordboka eller i Ivar Aasens Norsk Ordbog.[2] Det er heller ikkje oppslagsord i Norsk historisk leksikon.

Gardsete blir i jordebøkene ofte nemnt i samanheng med og til skilnad frå omgrepet gatehusmann («Gaardsæder og Gadehusmænd)», som med desse uttrykka blir skilde ut frå skyldsette avlsgardar og Leksikon:Underbruk som også kan vere integrerte i drifta av dei same hovudgardane.


Kjelder og litteratur

  • Fritzner, Johan: Ordbog over Det gamle norske Sprog, Tryggve Juul Møller forlag, Oslo 1954.
  • Hosar, Hans P.: Herre og bønder ved Jens Bjelkes adelsgods kring midten av 1600-talet. Hovudoppgåve i historie, UiO, haust 1981.
  • Ordbog over det danske sprog, utg. av Det danske Sprog- og Litteraturselskab, Gyldendal, København 1966.
  • Aasen, Ivar: Norsk Ordbog med dansk Forklaring, utg. av Vestmannalaget 1918 (først utg. 1873)

Notar