Vestmannalaget
Vestmannalaget er eit mållag i Bergen. Det er det eldste nolevande mållaget og vart skipa 21. januar 1868, to månader før Det norske Samlaget i Oslo.
Initiativtakar og fyrste formann var Henrik Krohn, som sat som formann til 1874. Føremålsparagrafen lydde slik:
- §1. Meinigen med Samlaget er, at dat skal halda fram slikt, som kann vera til sann selskapleg Hugnad, kvessa Tjodskaps-Hugen hjaa Lagsmennerne og fremja Nordmannskapen i Landet. Til dette Endemaalet skal Samlaget halda Stemnor fjortande kvar Dag um Vetteren.
Alle som hadde den "rette Vyrdnaden fyre Maalsaki" kunne bli medlemer. Utanom lagsmøta var utgjevinga av tidsskriftet Fraa By og Bygd (1870-1879) det viktigaste aktiviteten til laget i den fyrste tida. Utanom målsaka engasjerte seg òg i andre kultursaker, som restaureringa av Haakonshallen.
Laget hadde den fyrste tida ein ambisjon om å bli eit landslag for målreisinga, og det var mogleg for andre mållag å melde seg inn i Vestmannalaget. Desse laga melde seg inn kring 1870:
- Maallaget i Lom (Halvor Ofigsbø), 1870
- Maallaget i Gausdal (Per Bø)
- Maallaget i Vefsen (C. M. Havig)
- Jadrbulaget (Torkell Mauland)
- Kinsarvik maallag (Lars Kinsarvik)
- Asker maallag
Det gjekk likevel nedover med aktiviteten etter at Henrik Krohn flytte frå Bergen og gjekk av som formann i 1874. Fraa By og Bygd gjekk inn i 1879, og det siste årsmøtet i den fyrste fasen til laget vart halde i 1882.
Gjennom 1890-åra vart ei rekkje mållag og ungdomslag skipa, og Vestmannalaget vart oppattskipa 27. februar 1896. Initiativet kom frå andre, men Edv. G. Johannessen vart attvald til formann. Laget fekk dei neste åra ei sentral rolle i målarbeidet på Vestlandet i lag med Bondeungdomslaget i Bergen og Bondeungdomslaget Ervingen. Både den nynorskbrukande Landsbanken i Bergen (1914) og forlaget Norsk Bokreidingslag (1939) kom etter initiativ frå Vestmannalaget.
Vestmannalaget ynskte stabilitet i den rettskrivinga Ivar Aasen hadde gjeve landsmålet, og i mellomkrigstida var laget svært kritisk til rettskrivingsendringane i nynorsk. Laget fekk ikkje gjennomslag for synet sitt i Noregs Mållag og melde seg ut av landssamskipnaden i 1962. Laget gjorde i 1965 opptaket til Ivar Aasen-sambandet som landsorganisajon for laga i målrørsla som ynskte eit høgnorsk mål.
Medlemer den fyrste tida
Dei 36 som skipa Vestmannalaget i 1868 var (med yrkestittel etter 50-årssoga):
- Henrik Krohn (formann 1868-1874)
- kaupmann Arnfinn Johannessen
- kaupmann Joh. Michelsen
- kaumpannsemne Edv. G. Johannessen
- bokmann Knud Claussen
- kaupmann Carl Lehmann
- lærar Hans Mo (styremedlem 1868)
- lærar Svein Bjørndal
- kaupmannsemne L. Herwegh
- kaupmannsemne S. Haugland
- kaupmannsemne Georg Elbrecht
- kaupmann P. M. Olsen
- bokhandlar Ed. B. Giertsen
- bokhandlar Fr. Nygaard
- garvar J. H. Ellerhusen, F. S.
- murmeistar Fred. H. Schram
- bokprentar Georg Grieg (styremedlem 1868)
- bankmann Jacob B. Kooter
- kaupmann L. S. Madsen
- bokhandlar Joh. D. Beyer
- kaupmann Herm. Friele, B. S.
- fotograf K. Knudsen
- bonde Hjalmar Løberg
- fargar Johan Jenssen
- dampskipsekspeditør Olav Paulson (styremedlem 1868)
- H. Olaf Hansen
- kaupmann N. J. Michelsen
- kaupmann I. A. Krüger
- lærar A. E. Bugge
- lærar Th. V. de Lange
- kaupmann Johan D. Grieg
- konsul W. D. Krohn
- cand.theol. W. H. Christie
- cand.theol. J. A. B. Christie
- kaupmann Alex. B. Grieg
- cand.theol. Kristofer Janson (styremedlem 1868)
- agent D. H. Grieg
Fyrste året fekk Vestmannalaget kring 100 medlemer. Det var strid om kvinner skulle få tilgang til laget, og det fekk dei frå 1873. Fyrste kvinne som melde seg inn var Nikka Vonen (1873).
I april 1872 hadde laget kring 600 medlemer, og det hadde då også kome til mange utanbygds medlemer. Medlemslista er såleis ei viktig kjelde til å kartleggja nettverket av målfolk utover i landet i ein tidleg fase. Mellom medlemene frå denne tida finn ein:
- lensmann C. M. Havig, Vefsn
- bonde Niels Juel, Halsnøy kloster
- bonde Baard Haugland, Stord
- bonde Sigurd Blekastad, Sel
- bonde Olav Brekke, Vossestrand
- bonde Torgeir S. Vinje, Telemark
- kyrkjesongar Hans Lindebrække, Ulvik
- lærar Johan Aarnes, Askvoll
- lærar Søren Systad, Askvoll
- kjøpmann Gustav Kamstrup, Trondheim
- sakførar Livius Smitt, Florø
- lærar Sven Aarrestad
- skippar H. L. Aga
- skippar Knut Aga
- prest Johannes Belsheim
- adjunkt A. L. Brock
- Ivar Høyem
- O. J. Høyem
- godseigar H. Heiberg, Kaupanger
- stamhuseigar H. Hoff Rosencrone
- handelsmann Mandrup Hjeltnæs
- folkehøgskulestyrar Johannes Helleland
- bonde Ingebrigt Hus
- bonde V. Jaastad
- student John Klæbo
- lærar N. J. Kobberstad
- lærar Hallvard Johannessen
- underoffiser Lars Lofthus
- lærar Torkell Mauland
- lærar Elias Melvær
- lærar Per Riste
- skipsbyggjar Knut Skaaluren
- bonde Nils Skaar
- cand.philol. S. Schjøtt
- kgl. fullm. Munch-Søegaard
I 1873 hadde laget òg kring 30 medlemer på Island.
Litteratur
- Conrad Clausen, Torleiv Hannaas og Ludvig Jerdal: Vestmannalaget i 110 år, Bergen 1978 Norsk bokreidingslag ISBN 82-90186-14-2
- «Vestmannalaget», omtale i Allkunne (av Ottar Grepstad)