Geiteryggvegen (Sauherad)
Geiteryggvegen på Hørte i Midt-Telemark kommune går vestover frå Rukarvegen til nytt bustadfelt og ender ved garden Rukan (gnr. 187/2).
Vegen fekk namn etter lokaliteten Geiteryggen i 2016. Det er lagt ut 18 tomter i Geiteryggen 3 bustadfelt, og utbygging er i gang pr. 2019.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Sauherad kommune, Utvalg for næring, 15/17413: Nytt vegnavn for boligfeltet Geiteryggen 3.
- Sauherad Historielag_Geiteryggen.pdf (saksvedlegg).