Gideon (kutter 1914)
«Gideon» er ein klinkbygd hekksbåt bygd i Søvika i 1914 av Sivert Mjeltevik (1876-1956), truleg saman med Jon Søvik (Søvik-Jo, 1897-1949). Den tilhøyrte frå starten av Partsrederiet Albert A. Slinningen. Båtsamlingen fekk den frå Hessa og truleg tilhøyrde båten same familie gjennom heile århundret. Registreringsnummeret M2B har fulgt båten gjennom alle år. Opphaveleg var det ein seilbåt med styrebrønn, seinare vart det sett inn ein Heimdal semidiesel.
Gideon | |
---|---|
Registeringsnummer | M2B |
Eigennamn: | Gideon |
Båttype | Kutter |
Lengde | 32 fot |
Byggeår | 1914 |
Båtbyggjar: | Sivert Mjeltevik |
Framdriftsmiddel: | Seil, Motor |
Motortype | Heimdal semidiesel 8HK |
Kommune | Volda kommune |
Lagstilknyting: | Bjørkedal kystlag |
Lagstilknyting andre: | Bjørkedal båtsamlingar |
Kjelder
- Hjellnes, Tove Aurdal: «Bjørkedal kystlag og Bjørkedal båtsamlingar». Voldaminne 2012 s. 121-140