Grasbekkvegen (Seljord)

Grasbekkvegen er ein 2,6 kilometer lang blindveg Langlim i Seljord kommune som går frå vegen Gjevarvatn til garden Grasbekk (gnr. 112/5). Han går gjennom glissen skog med innslag av jordbrukslandskap. Det går også ei 685 meter lang avgreining av vegen nordover til Hovdestaul (gnr. 112/4).

Grasbekkvegen med garden Bøle (gnr. 114/4).
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter garden Grasbekk og vart namnsett i 2010.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.


Koordinater: 59.60638° N 8.27269° Ø