Gjevarvatn (veg i Seljord og Vinje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vegen Gjevarvatn med Heggstaul.
Foto: Roy Olsen (2021).

Gjevarvatn er ein bomveg som går nordover frå enden av Langlimvegen i grenda Langlim i Seljord kommune. Ved Leitestjønn dreier han vestover og går mellom denne og Valetjønn, kryssar Stubbåi og fortsett langsetter heile Gjevarvatn på nordsida. Etter å ha passert vatnet, kryssar vegen kommunegrensa mot Vinje og endar i vegen Drivarbekkdalen (fylkesveg 3422) ved Haugtjønn i Drivarbekkdalen. Vegens hovudløp er 10,6 km langt og har fleire til dels lange forgreiningar i austre del.

Vegen har namn etter Gjevarvatn og vart namnsett i 2005. Vatnet dekker eit areal på 2,2 km² og er 5 kilometer langt.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bakken, Olav: Langlim - Topografi. Frå LANGLIM - Ei bygd med segn og soger. Eige forlag 1973.


Koordinater: 59.59162° N 8.37983° Ø