Gunnar Fjermeros (1916–2004)
Gunnar Fjermeros (fødd 18. mai 1916 i Kristiansand, død 24. januar 2004 same stad) var ein arkitekt som virka i Bodø, Oslo, Harstad og Honningsvåg. Han var distriktsarkitekt i Finnmark frå 1946.
Han var son av Karl Johan (1885–1972) og Hanne Marie Fjermeros (1885–1976). Gunnar Fjermeros vart utdanna ved NTH i åra like før andre verdskrigen. I 1942 gifta han seg med Randi Axelssen (1915–2017), som var teknisk tegner og som også deltok i gjenreisingsarbeidet.
Blant hans arbeid kan nemnast Evjetun leirstad og ungdomssenter. Fjermeros vart premiert i NAL si tevling "Hus som vokser" i 1949.
Kjelder
- Gunnar Fjermeros i Historisk befolkningsregister.
- Liste over gjenreisningsarkitekter fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur.
Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter. |