Hagbarth Strøm
Hagbarth Strøm (fødd 1854 i Vinger (no Kongsvinger kommune), død 1912 i Kristiania) var lege.
Han studerte fyrst medisin, men gjekk etter kvart over til farmasi. Etter farmasieksamen i 1878 tok han opp att medisinstudiet og vart cand.med. i 1882. I 1889 tok han den medisinske doktorgraden på ei avhandling om "Knæledstuberkulosen og den kirurgiske behandling". Frå 1886 var han dosent ved Universitetet, same året vart han professor i kirurgi.
Hovudinnsatsen hans innan kirurgien ligg på det praktiske området; han var tidleg ute med store operasjonar.
Kjelder og litteratur
- Getz, Bernhard: artikkel i Norsk biografisk leksikon bind XV. Oslo 1966.
- Hagbarth Strøm i Historisk befolkningsregister.
|