Hallenvegen

Hallenvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune går nordvestover frå Hørtevegen og deler seg i to greiner, ei til småbruket Kåsa (gnr. 182/5) og ei til det tidlegare småbruket Hallen (gnr. 182/11). Han går gjennom jordbrukslandskap med innslag av skog.

Hallenvegen sett vestover.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen har namn etter det tidlegare småbruket Hallen, der husestaden no er skildt frå.

Hallenvegen 1 er det tidlegare bedehuset Filadelfia.

Kjelder


Koordinater: 59.39676° N 9.18197° Ø