Hallvard Johanson
Hallvard Johanson (fødd 1839 i Øyer, død 1914) var lærar i Kristiania. Han var gift med Maren Andrea Styri frå Eidsvoll og fekk to born, Helga og Asbjørn.
Han kom femten år gamal til Kristiania og var i fem år læregut i ein skomakarverkstad. Seinare tok han til på seminaret i Asker og tok eksamen i 1865. Same året vart han tilsett ved Møllergaten skole, nokre år seinare vart han lærar ved den nybygde Russeløkken skole.
Johanson vart tidleg målmann og slutta seg til Olaus Fjørtoft og ferdast i Café National. Han var medlem i Døleringen og var mellom dei som skipa Det norske Samlaget i 1868. Han var kasserar i Samlaget i 28 år, til 1899, då Målkassa vart skipa.
Kjelder og litteratur
- Krukhoug, Johannes: Hallvard Johanson. I: Årbok for Dølaringen (1938).
- Hallvard Johanson i Historisk befolkningsregister.