Hallvard Roholdt

Hallvard Roholdt (fødd 17. januar 1909, død 25. mai 1998 i Kviteseid) var advokat, dommarfullmektig og høgsterettsadvokat frå Kviteseid i Telemark.

Hallvard Roholdt.
Foto: Henta frå Studentene fra 1927 (1952)

Bakgrunn

Hallvard Roholdt var son av Olav Kristoffersen Roholdt (1872-1931) og Åshild Marie Halvorsdatter Kråkenes (1878-1932). Begge foreldra kom frå Vrådal. Dei kjøpte garden Øvre Midtsund i Kviteseid og flytte dit, og det var her Hallvard vaks opp. Foreldra måtte selje Midtsund og bygde seg eit hus på Grønlid i Kviteseid sentrum. Hallvard reiste til Oslo og tok advokatutdanning, og her traff han Liv Skeie (f. 1917) frå Øystese. Ho utdanna seg til tannlege, og dei gifte seg i 1944. I 1943 kaupte Hallvard garden Revskil i Vrådal. Seinare overtok dei huset i Kviteseid etter foreldra og budde der resten av sitt liv. Dei fekk etter kvart borna Olav (1945), Hege (1946), Gjermund (1947) og Alv Rune (1959).

Karriere

Roholdt tok examen artium i 1927 og vart cand. jur. i 1933. Sidan 1933 dreiv Hallvard Roholdt advokatforretning i Kviteseid. I åra 1936-1938 var han dommarfullmektig ved Vest-Telemark sorenskriverembete, og sidan sekretær i nokre år hos skatteinspektøren i Oslo.

Roholdt var offentleg forsvarar ved Vest-Telemark sorenskriverembede frå 1936, og i 1945 vart han oppnevnt som aktor i same rett i landssviksaker. Frå slutten av 1950-talet og heilt fram til 1980-talet var Roholdt sterkt involvert i saker som gjaldt interessene til grunneigarar i samband med reguleringa av Tokke-Vinje vassdraget. Han var og aktivt med i arbeid for å betre vegtilhøva i Vest-Telemark. Roholdt fekk bevilling som høgsterettsadvokat i 1968.

Arkiv

Arkivet etter advokat Hallvard Roholdt er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.

Kjelder