Hans Aanrud

Hans Aanrud (fødd 3. september 1863 i Vestre Gausdal (no Gausdal kommune), død 11. januar 1953 i Lyngdal) var forfattar.

Hans Aanrud.
Foto: Henta frå Studentene fra 1882 (1932)

Han var sønn av bonde Iver Aanrud (1818–1900) og Olea Kristoffersdotter (1827–1878), og ble gift i 1893 i Kristiania med Vilhelmine Louise Figenschou Schjoldager (1862–1928). Han var svoger til kvinnesaksforkjemper Dorothea Schjoldager (1853–1938).

Aanrud tok examen artium i 1882 og anneneksamen i 1883, og studerte så jus og filosofi, men fullførde ikkje noko studium. Sitt rette emneområde som forfattar fann han da han gav ut forteljinga Hvorledes Vorherre fik høet til Asmund Bergemellem (1888). Han gav ut forteljingar av nokolunde same typen i Fortællinger (1891), Fra Svipop til Venaasen (1892) og andre samlingar.

Aanrud er realist, fortel enkelt og ofte med humor om vanlege bygdefolk. I stilen har han drag frå folkeeventyret, stundom i personteikninga òg. I nokre av forteljingane er stemninga mørk, til og med uhyggjeleg, som i Vinternatt. Minne frå hans eiga barndomstid er grunnlaget for dei fine idyllane Sidsel Sidsærk (1903) og Sølve Solfeng (1910).

Frå 1910 til 1913 var han leiar i Den norske Forfatterforening.

På Rødtvet i Oslo, i bydel Grorud, ligg Hans Aanruds vei, samt vegene Furér Nymos vei og Sidsel Sidsærks vei, som har namn etter skikkelser i Aanrud sitt forfattarskap.

Kjelder og litteratur

 
Annonse for filmen Storfolk og småfolk frå 1951 (regi: Tancred Ibsen), basert på fem fortellingar av Hans Aanrud.
Foto: Faksimile frå Norsk filmblad nr. 10, 1951