Hans Rasmus Astrup (1754–1827)
Hans Rasmus Astrup (1754-1827) var fødd i 1754 i Ørskog prestegjeld på Sunnmøre, der faren Nils Astrup var sokneprest. Mor til Hans Rasmus var Gjertrud Brandal. Etter teologisk embetseksamen vart Hans Rasmus Astrup i 1787 personleg kapellan for faren i Ørskog. Etter eit kort opphald i Stangvik på Nordmøre, vart han i 1797 residerande kapellan i Leikanger i Sogn. I 1805 vart han så sokneprest i Grytten prestegjeld i Romsdal. Her døde han i 1827.
I 1791 vart han gift med Pauline Susanne Tønder (1768-1834), dotter til soknepresten i Stranda prestegjeld på Sunnmøre, Ebbe Carsten Tønder. Paret fekk seks born, men berre to vaks opp.
Hans Rasmus Astrup var valmann for Grytten våren 1814.
Kjelder og litteratur
- Erlandsen, Andreas: Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Trondhjems Stift, s. 501-502.
- Hans Rasmus Astrup i Historisk befolkningsregister.