Hauganvegen (Kviteseid)

Hauganvegen i Fjågesund i Kviteseid kommune går sørover frå krysset med Fjågesundvegen og Hassvikvegen til Odden med Fjågesund kyrkjegard og eit sagbruk nede ved vatnet heilt vest i Flåvatn der vegen ender. Ved garden Haugan (gnr. 20/29) går ei grein nordover som ender i Hasvikvegen ved Fjågesund kyrkje. Han er kring 1,2 kilometer lang

Parti frå Hauganvegen i Fjågesund.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter garden Haugland.

Haugan vart skild ut frå Vestigard Fjågesund i 1831 då Trond Olavson Lia kjøpte eigedomen av Gunnar Hansson. På Haugan har det vore posthus og telefonsentral.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, gardssoga. Eigi forlag 1962. Datautgåve ved Kjell Eikland 2001 Gardssoga


Koordinater: 59.30472° N 8.69626° Ø