Helga Hågeset Tufto

Helga Hågeset Tufto (ca 1710-1789/1797) var felespelar, den fyrste frå Hol som vi kjenner namnet på. Ho skal ha vore ein av dei beste felespelarane i si tid, mellom anna kjent under namnet ”Hågeseta”.

Helga er den einaste kvinna som har fått plass mellom dei omkring 300 spelemennene som er omtalte i Bjørndal og Alvers bok Og fela ho let[1]. Her er ho nemnt blant dei eldste spelemennene vi kjenner namnet på i det heile. I Helga si levetid breidde hardingfela seg, og Hallingdal var blant dei eldste hardingfeleområda. Det kan derfor ha vore dette instrumentet Helga trakterte.

Helga vart fødd omkring 1710 på garden Rygg i Kvisla, Hol. Foreldra hennar, Ola Olson Rygg (fødd omkring 1670, dødsår ukjent) og Ingeborg Johannesdotter frå Løyte, var gardbrukarar på Tufto, rett nord for Rygg, frå ca 1740.

Helga gifte seg med Ola Olson Isungset frå Ustedalen (1712-1788), og paret budde fyrst (frå omkring 1740) på Isungset, deretter på Tufto og frå 1775 på Hågeset, som opprinneleg var støl til Tufto. Dei to hadde ingen born saman, men Helga hadde ei dotter frå før med Henrik Dehlen, som var løytnant og stasjonert på Nerol i Holet på denne tida. Helga og Henrik skal ha treftes i eit gjestebod i Larsgard i Hovet, der ho truleg spelte. Dottera, Mari Henriksdotter Dehlen Hågeset (1732-1820), budde ei tid med faren på Ringerike, men kom som vaksen tilbake til bygda og gifte seg med Ola Olson Villand (også kalla ”Villands-Tuften”).

Helga vart funnen drukna ved ein stein i Usta, Ustaoset, ein gong mellom 1789 og 1797. Steinen, som ligg utanfor Uggen, har sidan hatt namnet Helgæstein. I fylgje Reinton sine kjelder drukna ho da var på veg opp til Fjellberg på Haugastøl for å bake. Ei soge fortalt av Sissel Torgeirsdotter Tangeviken (1781-1849) og vidarefortalt i slekta, hevdar at stølslaga i vestenden av Usta hadde leigd inn Helga for at ho skulle spele til dans på Olsok.[2] Det vart i så fall siste dansen hennar.

Referansar

  1. Bjørndal, s. 38.
  2. Medhus, s. 55-56

Kjelder og litteratur

  • Bjørndal, Arne og Brynjulf Alver: - Og fela ho let. Norsk spelemannstradisjon. Universitetsforlaget, 1966.
  • Medhus, Knut: Helgæsteinen i Ustavatn. I: Under Hallingskarvet, 2007. S. 55-56.
  • Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. b2, s. 634, b6 om Tufto, Hågeset og Isungset.
  • Reinton, Lars: Villandane : ein etterrøknad i norsk ættesoge. Dybwad, 1939.