Henrik Nitter
Henrik Nitter (fødd kring 1655 i Luster og død 8. november 1724 i Jostedalen) var prest i Jostedal prestegjeld 1703-1724. Han vart student i 1675 og cand.theol. i 1681. Då han vart utnemnd til sokneprest 3. februar 1703, hadde han tent som kapellan hjå forgjengaren Tøger Jensson i 17 år, altså frå kring 1786. Han var gift med Sophie Ottesdotter f. Ravn, dotter til den tidlegare soknepresten Otto Hansson Ravn. Nitter vart dermed verbror til tidlegare kyrkjeombodsmann Hans Ottoson Ravn.
Då Jostedal kyrkje vart auksjonert bort i samband med det store kyrkjesalet, kjøpte Nitter kyrkja, truleg i 1723. Arvingane hans selde kyrkja vidare til etterfølgjaren Hans Hansson Wiingaard i 1726 (sjå Eigarar av Jostedal kyrkje).
Litteratur
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
- Nitter, Claus W. K., Hermod Nitter, og Adolf Nitter. (1971). Nitterslekten i Norge gjennom 400 år. 1568-1968. Slektens avstamming: slektene i Sogn og Nordland. (Bd. 1). Bergen.
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.(digital utgåve, NBdigital)
- Prestar i Jostedalen ca 1300-1395 (Jostedal historielag)
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
Forgjengar: Tøger Jensson |
Prestar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Hans Hansson Wiingaard |