Herøy sogelag

Herøy sogelag i Herøy kommuneSunnmøre vart skipa 25. oktober 1936. Laget gjev ut årboka Folk og fortid og hadde 672 medlemmar ved årsskiftet 2018/19. Det har vore ein stabil auke gjennom mange år.

Sogelaget «har til oppgåve å ta vare på folkeminne, segner og anna tradisjonsstoff ved å få det nedskrive eller gjere lydopptak med folk som kan fortelje om slike ting, og likeeins samle inn og ta vare på dagbøker, brev, bilete og anna av historisk verdi». I 1998 vart sogelaget medlem av Landslaget for lokalhistorie.

Hovudaktivitetar og publikasjonar

Ei viktig oppgåve har vore tidsskriftet, som fekk namnet Folk og fortid. Det kom ut med ulike mellomrom fram til 1972, men etter det har det kome ut kvart år.

På 1960-, 1970- og 1980-talet kom det omfattande arbeidet med lokalhistoria for Herøy ut i bokform. Det var Bjarne Rabben (1907–2003) som stod for det aller meste av dette arbeidet. Herøyboka, som verket heiter, kom ut i tre band med gards- og slektshistorie, fire band med generell lokalhistorie og sist eitt band «Ute i krig». På 2000-tallet måtte gards- og slektshistoria fornyast. Per-Ståle Moltu var prosjektleiar for dette arbeidet, og det kom ut 5 band: «Heimar og Folk» 1, 2, 3 og 4 i tida 2009 til 2013, og i tillegg kom «Registerbandet» i 2014.

Herøy sogelag hadde også mykje å seie då Herøy kommune kjøpte Herøy gard og fram til Herøy kystmuseum vart skipa – og har også vore med i arbeidet vidare.

I Hallvard Leinebø si formannstid fekk sogelaget bygd kopiar av Kvalsundbåtane. Av andre aktivitetar som sogelaget har drive, må nemnast: Herøystemnet, sogekveldar og bygdevandringar.

Herøy sogelag har frå 2005 gitt ut «Herøykalenderen» med bilde frå alle dei tidlegare skulekrinsane i Herøy. Kalenderen kom også ut nokre år rundt 1990.

Laget har fått digitalisert om lag 1600 bilde, men dei ligg enno ikkje på nett (2019).

Leiarar

 
Byste av Bjarne Rabben.
Foto: Arnfinn Kjelland (2009).
  • Bjarne Rabben (1936-1972)
  • Hallvard Leinebø (1972-1983)
  • Per Moltu (1984-1985)
  • Ånund Homme (1986)
  • Olav Solheim (1987-1988)
  • Oddbjørg Remøy (1989-1996)
  • Paul Nærø (1997)
  • Svein Gjelseth (1998-1999)
  • Arnljot Grimstad (2000-2004)
  • Gudmund Solstad (2005)
  • Johan Moltu (2006–)

Steinar Åheim har vore kasserar, sekretær og styremedlem i Herøy sogelag i fleire tiår.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer

Sjå også