Hordabø kommune
Hordabø kommune i Hordaland vart utskild frå Manger kommune i 1924. Han svarar til Hordabø sokn. Det heitte tidlegare Bø sokn; namnet Hordabø vart innført då kommunen vart oppretta for å skilje han frå Bø i Telemark og Bø i Nordland.
I 1964 vart Hordabø, Manger og Sæbø kommunar samt delar av Lindås, Austrheim og Herdla slått saman til den nye kommunen Radøy. Hordabø hadde då eit areal på 39 km² og 1679 innbyggjarar.,
Litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999..
- Hordabø i Store norske leksikon.