Ivar Haraldseid

Ivar Haraldseid (fødd 27. april 1897 i Sør-Fron, daud 23. oktober 1973) var landbruksskulerektor.

Han var son av Jakob Haraldseid (1871–1961) og Marie f. Sveipe (1873–1961). Faren var lærar i Sør-Fron, men i 1898 flytta dei sørover og havna i Lier. Frå 1908 var dei attende i Gudbrandsdalen hvor faren var lærar ved Tretten. Frå Ivar Haraldseid var 1–2 år var faren med på å skipe fleire lokale og regionale mållag og ungdomslag; broren Sigurd Haraldseid var òg aktiv på denne fronten.

Ivar Haraldseid valde òg lærarvegen, men i heilt andre fag. Han utdanna seg ved Storhove landbruksskule 1915–17 og Statens småbrukslærarskule 1920–21. Han arbeidde som gardsfullmektig ved Hedmark småbruksskule og lærar ved Østfold småbruksskule i to år. Ein ny periode som lærar ved Hedmark småbruksskule fylgde eit bel som styrar (rektor) ved Finsås småbruksskole på Jørstad i Snåsa frå 1937 til 1947. Han avslutta som styrar (rektor) ved Hedmark småbruksskule.

Verva til Haraldseid var mellom anna som styreleiar i Norsk småbrukskandidatlag og Norsk fjørfeavlslag (1947–1956). Han døydde 76 år gamal og er gravlagt på Vang kyrkjegard.

Kilder