Jakob Håkonsson Myklebust

Jakob Håkonsson Myklebust (1766-1848) var skreddar og gardbrukar.

Han skal ha vore fødd på garden AmundrustadToten. Han vart gift med Birte Larsdotter Skappel frå Ringsaker, og med henne fekk han seks born. Jakob Håkonsson skal ha vore brukar på Amundrustad i nokre år, men mista bruksretten på grunn av odelskrav. Deretter skal familien ha vore busatt på ulike stader i Ringsaker (Vindju) og Toten (Torsrud). I folketeljinga for 1801 finn ein Jakob Håkonsson som jordlaus husmann på Lille Ingeberg i Vang prestegjeldHedmarken. I 1804 flytta familien herifrå, og seinast i 1809 budde dei på Igesund i HerøySunnmøre. I 1811 var familien brukarar på Myklebust i same prestegjeld. Både Igesund og Myklebust høyrde til Herøy prestebol, og det var sokneprest Grüner som hadde gjeve dei bygsel ved begge høva.

Jakob Håkonsson skal ha drive som skreddar ei tid før han fekk hand om eit gardsbruk. Då han budde på Igesund, prøvde han å dyrke lin. For dette vart han premiert av Landhusholdningsselskapet. Jakob Håkonsson skal også ha vore boklærd. Både han og kona var haugianarar.

Våren 1814 vart Jakob Håkonsson Myklebust vald til valmann frå Herøy prestegjeld.

Kjelder

Eksterne lenkjer