Jens Aakerli
Jens Aakerli (fødd 20. januar 1891 i Soknedal, død 31. januar 1980) var lærar.
Han var son av bonde Erik Aakerli og Kjersti f. Fossum, Soknedal i noverande Midtre Gauldal kommune. Jens Aakerli tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1912 og videreutdanna seg ved Noregs lærarhøgskule i 1923-24.
Aakerli var tilsett ved Åsenhus-Hage skule i Soknedal.
Jens Aakerli vart i 1928 gift med Johanna Bertine Anshus (1897-1982), dotter av bonde John Haugen Anshus og Berit f. Storli. Johanna og Jens Aakerli er gravlagde på Soknedal kyrkjegard.
Kjelder og litteratur
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 3977819), med bilete av gravminnet.
- Jens Eriksen i folketelling 1900 for Soknedal herred fra Digitalarkivet
- Jens Akerlid i folketelling 1910 for Skogn herred fra Digitalarkivet
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.