Johs. Haugen landhandleri

Johs. Haugen landhandleri blei starta av Johs. Haugen i 1894. Landhandelen låg på Gvarv i Sauherad kommune.

Landhandelen til Johs. Haugen på Gvarv.

Forretninga dreiv detaljhandel av alle typar varer, m.a. kolonial, gjødsel, manufaktur, bensin og kol. Kundekrinsen strakk seg til byane i Telemark; Skien, Notodden og Rjukan. Forretninga sleit med å selje landmannsprodukta dei fyrste åra etter etableringa, men etter at dei store anlegga blei etablert omkring Gvarv, vaks omsettinga.[1]

Arkiv

Arkivet etter Johs. Haugen sin landhandel blir oppbevart på Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 875.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.