Karakterisert
Karakterisert er eit eldre omgrep brukt i samband med embetsstillingar, særleg offiserar. Ein finn det i samband med den graden ein offiser er oppført med, til døme «karakterisert kaptein» eller forkorta «kaptein (kar.)». Det kan bety at graden er gitt som ein rang, verdigheit, og må truleg forståast som mellombels, utan løn og myndigheit tilsvarande den som har fått graden fast.
Olai Ovenstad skiljer mellom «karakterisert» og «virkelig» grad i offisersbiografiane sine.
Kjelde
- Ordbog over det danske Sprog, variant 2.