Olai Ovenstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Stabsfanejunker Olai Ovenstad
Foto: L. Szacinski (1910)

Olai Ovenstad (fødd 19. april 1870 i Christiania, død 28. juni 1954) var stabsfanejunker, skrivelærar, militærhistorikar og genealog. Han er mest kjend for sine offisersbiografiar og plansjeverket over den norske hærens organisasjon 1628-1818. Ovenstad hadde Kongens fortjenstmedalje i gull, og vart i 1929 tildelt Ridderkorset av første klasse av St. Olavs orden for sitt militære granskingsarbeid.

Bakgrunn

Ovenstad var fødd i hovudstaden. Han tok eksamen ved Feltartilleriets underoffisersskole (Halden) i 1893. Han gjekk også Statens kunst- og håndverksskole. Ovenstad var tilsett i staben til Kommanderande general frå 1904-1929. Der la han grunnlaget for sitt inngåande kjennskap til militærarkiva, som han gjorde seg god nytte av i sitt omfattande militærhistoriske arbeid.

Militærhistorisk arbeid

Han teikna eit litografisk plansjeverk på 53 store blad som kronologisk viser korleis Hæren var organisert frå den vart etablert i 1628 til og med 1.1.1818. Plansjane viser alle avdelingar i Hæren med avdelingssjefane påført. Kvar plansje dekkjer vanlegvis ein perioden på 3-4 år, men det varierer. Sjefsskifte er gjeve opp med dato for når kvar offiser vart tilsett og / eller slutta. Eit sett av plansjane er i biblioteket på Riksarkivet. Dei er daterte i åra 1920 (blad 1, 1628-40) til 1940 (blad 49, 1807-08) og 1946 (blad 50, 1809-10) til 1948 (blad 53, 1814-18).

Ovenstad gav og ut i to band: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Norsk slektshistorisk forening, Oslo 1948 og 1949. Desse bøkene er publisert som pdf-filer av NSF. Han har elles skrive militærhistoriske artiklar i ymse fora, mellom anna eit større arbeid med tittelen «Underofficersstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene», i Norsk militært tidsskrift bd. 93 (Oslo 1930).

Familie

Olai Ovenstad var gift med Karen, født 1886 i Lier. Paret fikk barna Erling (1900-?) og Torunn (1902-?). I 1910 bodde familien i Frognerveien 44b i Kristiania.

Bibliografi, militærhistoriske arbeid

  • «Den norske hærs gjenreisning. 18/1 1628-18/1 1928. 300 års jubileum», i Befalsbladet 34/1928.
  • «Underofficersstandens betydning for det norske samfunds kulturelle utvikling gjennom tidene», i Norsk militært tidsskrift bd. 93 (Oslo 1930).
  • «Mitt militærhistoriske forskningsarbeide», i Befalsbladet 45/1939.
  • Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bind 1-2. Norsk Slektshistorisk Forening. Oslo 1948-1949. (Digital versjon, sjå nedanfor under Kjelder.)

Kjelder og litteratur