Kirsten Knutssøn Wleügel

Kirsten Knutssøn Wleügel (født 30. april 1890 i Trondheim, død 1970 i Bodø), arkitekt som virka i Trondheim , og i Bodø frå omkring 1940 til omkring 1970.

Ho var utdanna ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt, der hennes far var direktør. Etter at ho vart uteksaminert var ho ei tid ansatt hos arkitekt Johan Osness. Ho reiste deretter ei tid i utlandet der ho studerte arkitektur før ho returnerte og arbeidet som assistent hos arkitekt og professor Olaf Nordhagen. Ho blei i 1914 første kvinnelege medlem av Trondhjems bygningskommisjon. Ho arbeidde for professor Sverre Pedersen i Trondheim 1916, og ho restaurerte sakristiet i Hospitalskjerka i Trondheim i 1929. I følgje NALs byggehåndbok for 1940 var ho busett i Bodø i 1940, men det er ikkje kjend nokre arbeid frå henne der. Ho sto for restaureringa av Moskenes kyrkje i 1964, og fargesette Stamsund kyrkje i 1967. I 1962 tegna ho nye lysestakar for Gildeskål gamle kyrkje.

Kilder og lenker

Eksterne lenker


  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.