Knut Strompdal

Knut Strompdal (fødd 30. juli 1881 i Velfjord (no Brønnøy kommune), død 13. januar 1954) var folkeminnesamlar.

Han var son av gardbrukar Hans Knutsen Strompdal (1848–1945) og Elen Gurine Strompdal (f. 1853).

Han hadde stipend frå universitetet for å samle folkeminne på Helgeland og i Namdal. I tretti år, frå 1923 til 1953, reiste han kvart år for å samle inn tradisjonsstoff. I Namdalen reiste han fleire gonger frå Nærøy i vest til Lierne i øst. Dei fleste kommunane på Helgeland vitja han fleire gonger.

I skriftserien til Norsk Folkeminnelag gav han i tida 1929–39 ut tre band med folkeminne, Gamalt frå Helgeland. Velfjord historielag gav ut ei samla utgåve i 1996, med føreord av Ivar Seip.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!