Kolltveitvegen (Kviteseid)

Kolltveitvegen i Åsgrend i Kviteseid kommune går sørover frå Åsgrendvegen ved Dale og endar i skogen som skogsbilveg. Det går ei lang grein av vegen vestover til garden Runningen (gnr. 101/1) og ei til garden Fossøl (gnr. 101/2).

Kolltveitvegen i Åsgrend med husestaden til tidlegare Kolltveit gard (gnr. 102/4).
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter gardane Kolltveit øvre (gnr. 102/1) og Kolltveit nedre (gnr. 102/4). Husestaden på sistnemnde er skilt frå som eigen eigedom.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.43990° N 8.57334° Ø