Krigsminnesmerket ved Knaben gruver
Krigsminnesmerket ved Knaben gruver vart reist til minne om dei seksten tilsette ved Knaben gruver i Kvinesdal som omkom under bombeåtaket mot Knaben 3. mars 1943.
Under andre verdskrigen vart molybden nytta i produksjonen av panserstål, og Knaben var den einaste molybdengruva i Europa som var i drift. Materialet var difor særs viktig for tyskarane, og dei allierte bomba gruva to gonger. I den første bombinga, den 3. mars 1943, var det ti britiske Mosquito-fly som slapp bomber over gruva. Åtaket kom utan varsel, så ingen hadde tid til å komme seg i sikkerheit i tilfluktsromma. I tillegg til dei seksten nordmennene som omkom, døydde òg ein tysk gruveingeniør. Han er naturleg nok ikkje nemnd på minnesmerket. I det neste åtaket, den 16. november 1943, vart ingen nordmenn drepne sidan dei då fekk varsel og kom seg inn tilfluktsrom. Det er uklårt om nokon tyskarar vart drepne i det siste åtaket.
Minnesmerket vart etter krigen reist i Knaben sentrum. Det er ein granittbauta med ei bronseplate. På plata står det «Minne om selskapets medarbeidere som omkom under bombeangrepet på Knaben mars 1943», følgd av namna på dei seksten omkomne.
Dei falne
Namna som visast her er dei som står på minnesmerket, og dei er òg sett i den rekkefølgja. Dei er sett opp etter rang med ein ingeniør, ein kartograf, ein lagerbetjent og ein sjåfør først, og så arbeidarane i alfabetisk rekkefølgje. Sidan dei står på forma «etternamn, førenamn» kan ein sortere dei alfabetisk ved å klikke i øvste raden.
Namn | Fødd | Fødestad | Stilling | Merknader | Bilde |
---|---|---|---|---|---|
Rostad, Odd | 1914-04-24 | Bodin | Gruveingeniør | ||
Dårstad, Even O. | 1887-04-11 | Kolbu | Kartograf | ||
Tonstad, Magnus | 1918-12-09 | Sirdal | Lagerbetjent | ||
Netland, Isak P. | 1920-03-11 | Fjotland | Sjåfør | ||
Føreland, Seval | 1910-06-18 | Kvinesdal | Arbeidar | ||
Hansen, Olaves | 1900-06-10 | Halden | Arbeidar | Skipstømmermann, utskriven til gruvearbeid. | |
Hoffstad, Eilif | 1908-10-18 | Haltdalen | Arbeidar | ||
Ljosland, Otto | 1922-09-07 | Åseral | Arbeidar | Gardsarbeidar, utskriven til gruvearbeid. | |
Mygland, Arne | 1897-07-25 | Fjotland | Arbeidar | ||
Narvestad, Jan | 1920-05-18 | Kvinesdal | Arbeidar | Bror av Trygve Narvestad. | |
Narvestad, Olav | 1916-03-23 | Fjotland | Arbeidar | ||
Narvestad, Trygve | 1923-10-25 | Kvinesdal | Arbeidar | Bror av Jan Narvestad. | |
Norås, Olav | 1922-10-14 | Fjotland | Arbeidar | ||
Rostøl, Tobias | 1897-10-13 | Sirdal | Arbeidar | ||
Stigum, Jakob | 1911-05-08 | Lunner | Arbeidar | ||
Årstøl, Trygve | 1911-09-09 | Kvinesdal | Arbeidar |
Litteratur og kjelder
- Bauta over omkomne, Knaben gruver 1943, Digitalt museum.
- Mintes de omkomne, Kvinesdal 24. Publ. 2018-03-04, lest 2019-04-02.
- Minnes omkomne på Knaben, Kvinesdal 24. Publ. 2018-02-27, lest 2019-04-02.
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1949, bd. 1 Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1950, bd. 2 Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1950, bd. 3 Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Våre falne : 1939-1945, Grøndahl, Oslo 1951, bd. 4 Digital versjon på Nettbiblioteket.