Kvæfjord historielag

Kvæfjord historielag i Kvæfjord kommune i Troms vart stifta 30. oktober 1986. Historielaget har vore i jamt arbeid alle år sia skipinga, og det har ikkje vore gjort nemneverdig endringar i organisasjonen i desse åra. Sidan 1987 har laget gitt ut Årbok for Kvæfjord.

Kvæfjord historielags fyrsteprioritet i stiftingsåret: årboka
Foto: Arne-Johan Johansen

Laget har sidan 1998 vore medlem i Troms historielag og har delteke på ein del av årsmøta her. I 2012 var laget vertskap for årsmøtet i Troms historielag. Laget er også medlem i Landslaget for lokalhistorie.

I 2018 har Kvæfjord historielag 115 medlemmar.

Hovudaktivitet i laget

Årboka

Årboka har vore gitt ut sidan 1987, årgang 33 kom i 2019. Redaktørar har vore Arne-Johan Johansen og Gerd Salen. Årbøkene har stort sett hatt 64 sider i A4-format, eit par år har det vore færre sider, men fleire år har det vore fleire sider. Til 25 og 30-årsjubilea (2011 og 2016) var årboka på 72 sider, og i 2019 på 76 sider. Årboka har alltid hatt fargesider, og dei siste åra har heile årboka hatt farger. Det er totalt skrive over 2.000 sider i desse årbøkene. Samtidig er det publisert fleire tusen bilde i årbøkene.

Kalender

Historisk kalender for Kvæfjord. Det har komme årvisse kalendrar sia 2006 (kalenderår 2007), og kalender nr 14 kom i 2019 (Kalenderår 2020). Magne Leon Heide har vore redaktør i alle år, og Geir Hagen har også sete i Kalenderkomiteen (fotogruppe) sia 2006. Elles har ei handfull andre personar vore med i Kalenderkomiteen. Kalenderen har innehalde 23-26 bilde kvart år, omtrent halvparten i stort format (ca. A4), til saman rundt 250 bilde. Det har vore lagt stor vekt på å identifisere personar, stad og årstal.

Krambua

I 2000 kjøpte Kvæfjord historielag ei krambu på Borkenes, som truleg er bygd i 1890-åra på Berg og flytta ned til Borkenes rundt 1905. Krambua hadde ikkje vore i drift sia 1950-talet og stod for forfall. Første prosjekt var å løfte krambua over vegen, sette opp ein ny kjellar og så flytte krambua tilbake. Dette blei gjennomført i 2000-2001.

I åra 2004-2008 gjennomførte laget eit omfattande restaureringsarbeid innvendig med ein totalkostnad på kr 302.336,43. Historielaget fekk kr 75.000 i tilskott frå Norsk Kulturfond, berekna dugnadsinnsats var kr 81.000, og eigne utgifter var kr 146.336,43. Det var offisiell opning av Krambua 25. oktober 2018.

Krambua har vore open i mai-juni med elevar frå Borkenes og Vik skolar, "Tingene forteller" og i desember i samband med sal av årbøker og kalendrar.

Publikasjonar

I tillegg til årbok og kalender har laget også gitt ut:

  • 5-6 ulike postkort med eldre og nyare motiv, og kunstmotiv
  • Hefte: Nordnorske eldste gårdsbosetting: Arkeologiske utgravinger på Hundstadneset på Kveøya 2008-2009.

Kulturhistorisk bevaringsarbeid

Bevaring av Fagerli-gården og Husby-gården (1987- 1993), gammetuftene på Storjorda (1997); kommunalt museumsarbeid (2000).

Møte

Lokalhistoriske bygdemøte, gjerne kombinert med eigne tema: Langvassbukta (1989), Hemmestad brygge (1992, 1996), Storjorda, lokalhistorisk bygdekveld i Vik (2004), Lokalhistorisk bygdekveld på Bremnes (2005)

Fotomøte: Borkenes (2007), Flesnes (2008), Vik (2009), Melåbukta (2010), Kveøya (2011), Bremnes (2012), Elda (2013), Borkenes (2014), Borkenes (2015), Langvassbukta (2017), Borkenes (2019)

Historiske vandringar og turar i kommunen

Hemmestad grendehus (møte, 1988), Toppen, Borkenes (1989), Gjertrud Raschs fødestad (1990), Bartnæssetra (1990), deltaking på Kvæfjord-uka (fleire år på 1990- og 2000-talet), Hemmestad brygge (fleire møte frå 1990-talet til no), fornminnetur til Kveøya (1991), kulturstien Skallan-Rå (1992, 1993, 1996), Gapøya (1995), Skallan-gården (1997), Trastad Samlinger (1998), Lyså (1998), Finnseter (1999), samiske bogastiller på Melåaksla (1999), Melåa (2000), Mollvika og Utstrand (2001), Vik og Voktor (2002), Kveøya (2003), Medlemstur til Eidet-Moelva-Gullholmen (2004), Medlemstur / utflukt til Forøya og Forøyseter (2005), Ekskursjon til Kveøya (2007), Den gamle Eidevegen (2010), Historisk vandring frå Inner-Strand til Nord-Strand (2012), Gåra (2014), Mølnbekken / Gåsvatnet (2015), Vikeland og Inner-Gåra (2016), Gammalbutikken på Strand (2017), Blomåsen (2019)

Historieturar til nabokommunar

Gratangen båtsamlinger (1990), viking-gården på Borg (1997), Bjarkøya (1998), Grytøy bygdetun (2008), Ibestad (2009), Inner-Elgsnes (2011), Hausttur til skipsverftshistoria (2013)

Møte og arrangement med ulike tema

Arkeologi (1987), flatbrødbaking på bygdetunet (1987), stadnamnkurs (1987, 1994), "Det gamle Borkenes" (1988), "Nordnorske handelssteder" (1988), folkeviser, haustonner og juletradisjonar (1989), Kvæfjords historie i mellomkrigstida (1990), museumsarbeid (1991), fornminner (1991), torving (1992), sildedag (1992), samisk historie (1993), nordlendingar i litteraturen (1993), slektsgransking (1993, 1998), teigblanding og utskifting (1993), fôrberging anno 1940 (1995), nordlandshandelen (1995), 10-årsjubileums-møte (1996), "Frå brød til frø" (1997), "Hamsun og Nord-Norge" (1999), sjøsamar i Sør-Troms (2001), gårdshaugar (2002), heksebrenning (2002), ”Helse 400år” - arrangement på Hemmestad brygge (2003), ”Ord i Kvæfjord” – medlemsmøte (2004), bygdetunet ved Råsjøen (2005), Gapøya før og under fråflyttinga (2006), Dale Feavlslag (Okseringen) (2007), kystkultur, reiseliv og museum (2008), Kulturminneåret 2009 (2009), Skihistorie (2010), Kulturminnedag (2009), Møte om fotografiapparat (2009), ”Gravminner i Norge” (2010), arkeologisk møte om utgravingane på Hundstadneset (2010), Poteten i historisk lys (2010), “Kultur, samferdsel og reiseliv i Sør-Troms” (2011), 25-års fest (2011), presentasjon av Sortland bygdebok (2011), arbeidet med Kvæfjords historie (2012), Årsmøte i Troms historielag – arrangør (2012), Open krambu: forkleutstilling (2012), museumskveld på Trondenes Historiske Senter (2012), Møte om utvandringa til Amerika (2013), Harstad Oppland Rutebils historie (2014), Markering av grunnlovsjubileet (2014), Utværan i Andfjorden (2015), krigsevakuerte til Kvæfjord (2015), møte om okkupasjonstida (2016), opninga av kunstutstillinga av Petter Fredriksen (1916-1998) sine maleri (2016), 30-års-markering (2017), Samisk historie i Kvæfjord (2017), Kjerkejubileum (2017), Nordnorske sandbåter (2019), Samisk historie i Kvæfjord (2019), Stedsnavnprosjekt (2019).

Ein del av desse temainnslaga har vore tatt opp på årsmøta.

«Tingene forteller» har vore eit fast innslag i mai-juni på Krambua, sia 2009. Her har elevar frå Borkenes og Vik skolar vist fram det dei hadde funne ut om gamle gjenstandar. Dette har også vore godt omtalt i kvar årbok sia 2009.

Historielaget har vore representert på møte om kjerkejubileet i Kvæfjord 2017.

Galleri

 
Temi Oke la fram denne gruvelykta som «sin ting» i årboka for 2018. Lykta er produsert i Brooklyn ved slutten av 1930-åra, og har vore i bruk på Svalbard. Temi hadde lånt ho av ein nabo som fortalte om historia.

Leiarar

  • 1986-2002: Arne-Johan Johansen
  • 2002-2018: Magne Leon Heide (16 år)
  • 2018-2020: Styret har vore fulltalig, men ingen leiar har vore valt. Mari Wikeland har vore sekretær og tatt seg av den utetterretta verksemda.

Æresmedlemmar

Laget har utnemnd følgjande æresmedlemmar: Jermund Johansen, Torleif Berg (d.), John Fagerli (d.), Gerd Salen og Arne Johansen.

Kjelder

  • Kvæfjord historielag 1987-2019. Oversyn som vart laga i samband med at Landslaget for lokalhistorie ønska å kartlegge historielaga si historie. Oversynet er utarbeidd av Magne Leon Heide, og det er basert på årsmeldingar, årbøker, kalendrar og anna dokumentasjon for desse åra.
  • Årbok for Kvæfjord 1987.
  • Årbok for Kvæfjord 2018.

Eksterne lenkjer

Denne siden trenger opprydding. Det kan for eksempel dreie seg om innholdsmessig struktur, framstilling eller språk. Se evt. diskusjonssiden for merknader.