Løgryta (Lesjaskog)
Løgryta er ei lita jettegryte like ved den gamle setervegen opp Grøndalen på Lesjaskog.
Denne vegen var òg ein del av den gamle ferselsvegen frå Skjåk og Lom og vidare nedover Romsdalen til Romsdalsmarknaden. Langs denne vegne er det fleire stadnamn med «Lø-», som er ei forkorting av lomver, person frå Lom, og det er tradisjon om at lomverane let hestane sine drikke av Løgryta i Grøndalen.
Kjelde
- Mølmen, Øystein 1983: Langs de gamle ferselsveier mellom Lesja og Skjåk. I Årsskrift for Lesja historielag side 67-72.