Langvenda (veg i Seljord)
Langvenda er ein veg i Nordbygdi i Seljord kommune som går austover frå Bygdaråvegen E134 og deler seg i to greiner. Den eine endar ved garden Langvenda, den andre på Homsås. Alt i alt er vegen 2 610 meter lang. Han går gjennom skog og noko jordbrukslandskap.
![](/thumb.php?f=Seljord%2C_Langvenda-1.jpg&width=400)
Langvenda i Nordbygdi.
Foto: Roy Olsen (2018).
Vegen har namn etter garden Langvenda og vart namnsett i 2005.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no