Bygdaråvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bygdaråvegen sett nordaustover frå brua i enden av Nyveg.
Foto: Roy Olsen (2018).

Bygdaråvegen i Seljord kommune går sørvestover frå krysset med Manheimstrondi og Vallarvegen, følgjer Bygdaråi på nordsida fram til vegkrysset med Nordbygdivegen. Her kryssar han elva og fortsett sør for denne fram til Kviteseid kommunegrense der han held fram som Brunkebergvegen. Han er 6,6 kilometer lang og er ein delstrekning av E134.

Vegen blei namnsett i 2005 og har namn etter elva Bygdaråi som han følgjer.

Den 20. oktober 1993 opna nyvegen, vegstrekninga frå Bjørge til Li i Nordbygdi. Riksveg 11 blei lagt utanom sentrum, og den tidlegare traseen med Brøløsvegen og Nordbygdivegen blei nedgradert til lokalveg. Riksveg 11 fekk europavegstatus og blei E134 i 2000.

Sjå også

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Vedtak i Plan, miljø og teknisk utval 12.06.2019, PS 28/19.
  • Varden 20. oktober 1993.
  • Wikipedia: Europaveg 134.


Koordinater: 59.48938° N 8.64420° Ø