Mannen (Rauma)
Mannen er eit fjell i Rauma kommune i Romsdal. Det har ei høgd på 1294 meter over havet. Lokalt er det den særeigne tindenåla som kallast Mannen, medan fjellområdet nedanfor kallast Børa-platået. Fjellet ligg i Reinheimen nasjonalpark.
Sidan 2009 har Mannen vore overvaka av Åknes/Tafjord beredskap IKS, fordi ein fryktar eit stort ras. Oppimot 100 millionar m³ masse kan rase ut, og 2–3 millionar m³ kan treffe dalbotnen der det står hus. Raumabanen og E136 går òg gjennom denne dalen, og elva Rauma kan verte demma opp og skape flom.
Hausten 2014 var det auka rørsle i fjellet, som særleg er sårbart for nedbør. Fleire hus vart evakuerte og Raumabanen vart stengd. Dette har sidan skjedd fleire gonger. I 2017 pumpa dei inn vatn i fjellet i håp om å løyse ut raset medan alle som budde i nærleiken var evakuerte. Forsøket lukkast ikkje. Overvaking av fjellet haldt fram, og bebuarane måtte stadig evakuerast. I september 2019 gjekk endeleg eit stort ras, og folk kunne dra heim. Raset gjekk ved Veslemannen, der ein femti meter høg steinstruktur kalla Spiret ikkje lenger kunne halde att massene. I tida rett før raset var rørsla i fjellet på mellom 2,5 og 5 meter i døgnet. Det er framleis deler av fjellet som er utsett for ras, men den verste faren ser ut til å vere over.