Margit Torsrud (1899–1968)

Margit Torsrud (fødd 27. april 1899, død 23.juni 1968)[1] var lærar. Ho var fødd i Øvre Solberg i Rollag. Foreldra hennar var Peter Solberg (1872–1961) og Inga f. Sveinsrud (1872–1963).[2]

Avskilsfest for Margit Torsrud i Prestmoen skule våren 1958. Margit Torsrud står i tredje rekkja om lag midt i biletet. Foto: Halvor G. Prestmoen

Ho tok lærareksamen ved Notodden lærarskule i 1921[3] og arbeidde som lærar ved Prestmoen skule i Rollag 1921–1958.[3][4] Margit Torsrud var aktiv i fråhalds- og målarbeid og hadde styreverv i Det Norske Totalavholdsselskap.[3] Ho var også aktiv i kommunepolitikken i Rollag.[5]

Margit Torsrud var gift med sivilingeniør Torstein Torsrud (1898–1983) frå Rollag. Dei hadde tre døtrer og to søner.[5]

Ho er gravlagd ved Rollag kyrkje.[1]


Referansar

  1. 1,0 1,1 http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?id=0632&mode=gp
  2. Knut Hoff (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend, s. 401. Rollag kommune
  3. 3,0 3,1 3,2 Norske skolefolk 1934, s. 1252. Stavanger: Dreyer
  4. https://digitaltmuseum.no/021016579270/prestmoen-skule-avskjedsfest-for-laerarinne-margit-torsrud-varen-1958-ho
  5. 5,0 5,1 Knut Hoff (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend, s. 402. Rollag kommune