Minnesteinen ved Aure kyrkje

Minnesteinen ved Aure kyrkje er reist til minne om 8 personar som omkom under 2. verdskrig. Steinen er plassert like ved kyrkja.

Minnesteinen ved Aure kyrkje.
Foto: K. Kiplesund

Det var UL Breidablikk som tok initiativ til å få steinen reist. Avdukinga skjedde i 1948, ved oberst Hyllmo. På steinen står namna på dei som omkom, samt årstala 1940-1945. Etterskrifta er: "Dei var brørne og venene våre. Dei ofra livet sitt".

Om dei omkomne

Kort om kvar enkelt av dei som er nemnde på steinen:

  • Anders H. Engdal (1915-1946). Var med i ei gruppe i Trøndelag som dreiv med illegale oppdrag mot tyskarane. Han vart arrestert i 1943, og utsett for brutal torturMisjonshotellet i Trondheim (hovudkvarter for Gestapo i Trøndelag). Engdal døydde av skadane han fekk etter torturen.
  • Bjørn Engdal (1916-1940). Avtente verneplikt som signalist på "P/S Norge" då Noreg vart innvadert. Omkom saman med om lag 100 andre då skipet vart torpedert og senka av tyskarane 9. april 1940.
  • Ivar Engdal (1912-1943). 2. maskinist på "S/S Idræt" då krigen kom. Omkom i juni 1943 i Cristobal etter å ha vorte skada under eit tenesteoppdrag i land.
  • Haftor Lesund (1920-1942). Fyrbøtar på "D/S Leikanger", omkom då skipet vart torpedert av tyskarane i juli 1942.
  • Jarle Lindaas (1921-1940). Lettmatros på "Prinsesse Ragnhild", omkom då båten gjekk ned etter eksplosjon av mine eller sabotasje utanfor Bodø.
  • Ole Sandvik (1897-1943). I teneste på "D/S Bjørkhaug". Skipet låg ved kai i Alger i juli 1943, då det vart sprengt i lufta. Grunnen var truleg torpedering eller sabotasje.
  • Martin Sletta (1911-1943). Båtsmann på "D/S Christian Michelsen", omkom i september 1943 då skipet gjekk ned etter ein eksplosjon utanfor Bizerte.
  • Kristian Vingsnes (1918-1940). Høyrde inn under Trønderbataljonen, omkom under kampane ved Gratangen 25. april 1940.

Sjå også

Kjelder