Mo kyrkje (Tokke)
Mo kyrkje er ei langkyrkje frå 1839 i Eidsborg, Mo og Skafså sokn i Tokke kommune i Telemark fylke.
Mo har hatt kyrkje sidan mellomalderen, og dagens kyrkje avløyste ei stavkyrkje som blei riven på 1830-talet og byggja på den eldre kyrkja tuft, basert på ei typeteikning av slottsarkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow. Kyrkja har tre klokkar frå 1856 frå Olsen Nauen klokkestøperi. Det er 130 plassar i skipet, og 20 på galleriet.
Kyrkja vart restaurert i 1960–61 og fekk sakristi og bårehus i 1975-76 etter teikningar av Gunnar Sandvik. I 1983 vart kyrkjetårnet reparert. Interiørfargane er endra etter dette.
Kjelder og litteratur
- Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, side 481, Vanebo forlag, Kirkenær 1993 ISBN 82-7527-022-7. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Mo på kirkesøk.no
- Mo kyrkje (Tokke) på Riksantikvarens nettsted kulturminnesok.no