Morgedal

Morgedal er ei bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Staden er kjend som skisporten si vogge, og var fødestaden til mellom andre Sondre Norheim. Bygda ligg ved E134 mellom Seljord og Vinje.

Statuen av Sondre Norheim i Morgedal.
Foto: Elin Olsen (2015).

Museet Norsk skieventyr vart opna i Morgedal i 1993. Same året, i november, vart ilden til fakkelstafetten i samband med OL på Lillehammer 1994 tend i Morgedal.

Litteratur