Nørdre Lie 22/15 (Sør-Aurdal)
Nørdre Lie var ein husmannsplass og seinare eige bruk på matrikkelgarden Leisterud i Vestre Bagn i Sør-Aurdal kommune. Det har gards- og bruksnummer 22/15, og var i 1789 utskild frå Søre Lie på Leisterud.
Nørdre Lie | |
---|---|
Alt. namn: | Smedsrudlie, Karlslie |
Fyrst nemnd: | 1789 |
Stad: | Vestre Bagn |
Sokn: | Bagn sokn |
Fylke: | Innlandet |
Kommune: | Sør-Aurdal kommune |
Gnr.: | 22 |
Bnr: | 15 |
Søre Lie vart delt i to i 1789. Ein skogteig og setra Grokløv vart til plassen Marilie, skyldsett som Øvre Lie med gards- og bruksnummer 18. Resten av bruket vart til Nørdre Lie, som også vart kalla Smedsrudlie, eit namn som hadde vore nytta om Søre Lie. Det har også vore kalla Karlslie, truleg etter Karl Hansson Roo, og Ellendslie, truleg etter Ellend Syversson Jukam.
Bruket vart fråflytta i 1960-åra. Setra Grokløv på Øvre Lie vart nytta fram til 1972.
Eigarar / brukarar
- Ola Olsson Tronrud, kjøpte i 1789 for 230 rdl.
- Jakob Persson Roo, kjøpte i 1790 for 240 rdl., seinare på Brattrudeige
- Gift med Guri Embreksdotter.
- Guttorm Alvsson Brattrud, kjøpte i 1797 for 166 rdl.
- Karl Hansson Roo, makeskifta bruket mot part i Nedre Roo, Nørdre Lie var verdsett til 131 rdl.
- Gift med Ragnhild Arnesdotter.
- Ola Aslaksson Austegarden, kjøpte i 1804 for 350 rdl.
- Knut Olsson Smedsrudlie, son av forrige brukar, løyste ut Nørdre Lie og Midtlie ved skifte for 200 rdl. Kjøpte Øvre Lie (Marielie) i 1822.
- Paul Hallsteinsson Framgardseige (1760–1832), kjøpte i 1824 for 200 spd.
- Gift med Jøren Olsdotter Framgardseige (1764–1832). Borna deira:
- Sigri Paulsdotter, f. omkr. 1791
- Hallstein Paulsson, f. omkr. 1795
- Olea Paulsdotter, f. 1801
- Nils Haraldsson Høvseige (1805–1833), kjøpte i 1828 for 100 spd., verson av forrige eigar.
- Gift med Olea Paulsdotter (f. 1801). Ho vart 1841 gift med Ola Halldorsson Kristianslundeige. Borna til Nils og Olea:
- Jøren Nilsdotter, f. 1828, gift 1857 på Toten.
- Pål Nilsson, f. 1831
- Kristofer Hansson Jukam, kjøpte av Olea Paulsdotter i 1838 for 200 spd.
- Ellend Syversson Jukam (1812–1894), kjøpte i 1855.
- Gift med Marit Olsdotter Austegarden (1813–1895), frå Austegarden bruk II. Borna deira:
- Ola Ellendsson (1834–1914)
- Ingebjørg Ellendsdotter (1839–1878)
- Sjugurd Ellendsson (1842–1844), tvilling med Hans.
- Hans Ellendsson (1842–1843), tvilling med Sjugurd.
- Marit Ellendsdotter, f. omkr. 1844, gift med Ola Eriksson Ølmhuseige.
- Maria (1847–1896)
- Steingrim Erlandson Lien (1850–1923), neste brukar.
- Oline Ellendsdotter (1853–1890)
- Hans Ellendsson, f. 1858, gift med Marit Olsdotter Jordet.
- Steingrim Erlandson Lien (1850–1923), fekk skøyte frå dei andre arvingane i 1914.
- Gift med Olea Knutsdotter Hagin (1848–1932). Borna deira:
- Erling Erlandson (1877–1942), neste bruker.
- Marit Erlandson, f. 1880
- Marit Erlandson (1882–1895)
- Knut Erlandson (1885–1885)
- Bertha Kristine Lien (1886–1971), bruker etter broren Erling.
- Erling Erlandson (1877–1942), fekk skøyte i 1931.
- Bertha Kristine Lien (1886–1971), overtok då broren Erling døydde utan born i 1942.
- Hans Slette, overtok i 1963.
Kjelder
- Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal: Bind A Reinli og Vestre Bagn, Sør-Aurdal kommune / Valdres bygdeboks forlag, 1987. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Karel Hansen i folketelling 1801 for Aurdal prestegjeld fra Digitalarkivet
- Nordre Lestrudlien i folketelling 1865 for Sør-Aurdal prestegjeld fra Digitalarkivet
- Lien, nordre i folketelling 1900 for Sør-Aurdal herred fra Digitalarkivet
- Lien, øvre i folketelling 1910 for Sør-Aurdal herred fra Digitalarkivet (har feil navn i tellinga, denne oppføringa gjelder Nordre Lie, ikke Øvre Lie).