Leisterud

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Leisterud
Alt. namn: Resterud (1595), Ristrud, Lesterud (1616), Listerud (1667 og 1723), Leisterud (NG), Leistrud
Fyrst nemnd: 1595 (NG 4, 224f.)]
Stad: Vestre Bagn
Sokn: Reinli
Kommune: Sør-Aurdal
Fylke: Innlandet
Gnr.: 22
Postnummer: 2390

Leisterud (alt. navneform Leistrud) er ein matrikkelgard i Vestre Bagn i Sør-Aurdal. Han grensar mot Vøll og Begna i aust, Austegarde og Framgarde i vest og Torsrud og Brattrud i sør.

Navnet

Det fyrste leddet kan kome frå mannsnamnet Reistr[1], medan andre ledd er ruð, «rydning». Ein annen rydningsgard like ved, Smedsrud, vart lagt under Leisterud som øydegard.

Historie

Dei gamle hovedbøla låg på ein avsats i dalsida, på omkring 350 moh. Det vart rydda fleire garder kalla Lie der, og Liagardane er i følgje lokal tradisjon plassar som vart delt ut til seks døtrer av Leisterudbonden. Rydningen skal ha skjedd før Svartedauen. I seinmellomalderen låg garden øyde, og på 1500-talet vart han nyrydda. Skattemessig var garden opphavleg rekna som ein halvgard.

Både Leisterud og Smedsrud var kyrkjegods, tilhørande Reinli kyrkje. Ifølge jordebokea til Stavanger stift eigde kyrkja i 1626 1/2 hud i Leisterud og eit kalveskinn i Smedsrud. Begge gardar vart i 1724 kjøpt frå Sjugurd Alvsson Leistrud av prost Andreas Morland. Smedsrud vart lagt under same matrikkelnummer som Leisterud.

To bygningar var skylt bort under Ofsen i 1789. 1/2 mål åker var øydelagt i eit år, og 1/2 mæling eng i eit til to år. Skadane vart takserte til 120 riksdalar. På Smedsrud var skadane større, då det gikk to skred der som øydela fem mål åker og seks mælinger eng; skaden ble der taksert til 320 riksdalar.

Gsrdsvegen gjekk opphavleg ned Eldebakkin til Bagn, og fyrst seinare er han lagt over Leistrudgrende. Dei øvre gardane fikk bilveg så seint som i 1982.

Bruk

Delinga av garden byrja i 1743, og sidan har ei rekkje bruk vorte utskilt. De to bruka som vart oppretta ved delinga i 1743 var:

Det gamle hovudbølet på Smedsrud vart etter kvart til Nørdre Smedsrud, bnr. 1.

I tillegg kom Smedsrud

Frå Nørdre Leisterud bnr. 4
  • Smedsrudlie, seinare kalla Nørdre Lie, bnr. 15, fråseld i 1760.
    • Marilie, seinare kalla Øvre Lie, bnr. 18, fråseld frå Semdsrudlie i 1789.
  • Nedre Lie, bnr. 13, fråseld i 1761.
  • Eldebakkatn, bnr. 6, utskilt i 1885.
  • Saudalen, bnr. 5, utskilt i 1887.
  • Lafton, bnr. 43, utskilt i 1914.
  • Nymoen, bnr. 44, utskilt i 1914.
Frå Midtre Leisterud bnr. 8
  • Plassen, også kalla Lie, overtok bnr. 8, utskilt i 1838.
  • Søre Leisterud, bnr. 19, utskilt i 1888.
    • Berglund, bnr. 23, utskilt frå Søre Leisterud i 1897.
  • Grønengdalen, seinare kalla Fossnær, bnr. 20, utskilt 1888.
Frå Smedsrud bnr. 1
Andre bruk
  • Leisterudbakkin, bnr. 10, var opphavleg husmannsplass under Leisterud, men var tidleg på 1700-talet sjølveigarbruk.
    • Knutssonlie, bnr. 12, skyldsett frå Leisterudbakkin i 1823.

Eigarar / brukarar

Eigarar og brukarar ein kjenner fram til delinga i 1743 var:

  • Syver (Sjugurd), nemnt i byrjinga av 1600-talet.
  • Alv Syversson, overtok halvparten av garden i 1619 og nemnt som einasta brukar i 1626.
  • Trond Alvsson (f. omkr. 1624), son av førre brukar. Nemnt som brukar saman med faren i 1657 og einaste brukar i 1664 og 1667.
  • Alv Trondsson (omkr. 1649–1729), son av førre brukar, nemnt som brukar saman med faren frå 1670-åra. Brukar saman med ein Tarald i 1680-åra.
Gift med Gunhild Syversdotter (omkr. 1653–1714). Barn ein kjenner:
  • Trond Alvsson (omkr. 1683–1715).
  • Alv Alvsson (f. omkr. 1688), gift med Marit Andersdotter, busett på Leisterudbakkin. Neste bruker, men selde etter kort tid til broren Syver.
  • Syver Alvsson (omkr. 1693–1773), overtok frå broren Alv.
  • Alv Alvsson (f. omkr. 1688), overtok i 1713, selde året etter til broren Syver.
  • Syver Alvsson (omkr. 1693–1773), overtok frå broren Alv i 1714.
Gift 1) i 1715 med Eli Timannsdotter Torsrud (1696–1736). Barn ein kjenner:
  • Gunhild Syversdotter (f. 1715), gift med Amund Amundsson Smedsrud.
  • Anne Syversdotter (f. 1717).
  • Gjartrud Syversdotter (f. 1720), gift med Syver Olsson nørdre Roo.
  • Alv Syversson (1722–1795), gift med Sigri Guttormsdotter Leisterud, busett på Midtre Leisterud.
  • Sigri Syversdotter (f. 1724).
  • Beret Syversdotter (f. 1725), gift med Jøger Gulliksson nørdre Vøll.
  • Eli Syversdotter (f. 1730), gift med Ola Olsson Tronrud, busett på Nørdre Brattrud bruk I.
Gift 2) i 1738 med Ingebjørg Gulliksdotter Bagn (1714–1773) frå Gastgjevarhaugen. Barn ein kjenner:
  • Gullik Syversson (1739–1787), gift med Kjersti Timannsdotter Bøen, tok i 1760-åra over Nørdre Leisterud.
  • Ingebjørg Syversdotter (f. 1741), gift med Kristofer Olsson, busett på Bagnseige.
  • Ragnhild Syversdotter (f. 1743), gift med Ola Olsson Tronrud, busett på Austegardseige.
  • Eli (f. 1746), gift med Per Olsson Sparkevik, busett på Leisterudeige.
  • Syver Syversson (1749–1773).
  • Marit Syversdotter (f. 1752), gift med Tron Alvsson Leisterudeige, busett på Nedre Lie.

Syver Alvsson Leisterud selde frå Smedsrud og Nørdre Lie til Amund Amundsson Smedsrud, som var gift med Syver sin dotter Gunhild. I 1743 delte han så garden. For seinare brukarer og eigarar, sjå artiklar om dei einskilde bruka.

Frå matriklar og pantebøker

Matrikkel 1647
Gammel matrikkel MN 148 med skyld 1 hud 10 skinn
Matrikkel 1838 MN 19 med skyld 11 dalar 4 ort 19 skilling
Matrikkel 1888 Gnr. 22 med skyld 23 mark 74 øyre
Areal og antall bruk 2009

Referanser

Kjelder

Koordinater: 60.821944° N 9.538056° Ø