Noradalsvegen
Noradalsvegen ved Årnes i Midt-Telemark kommune går nordover frå Strannavegen og deler seg i tre greiner. To går til dei to Norendal-gardane og ei til tre bustadhus.
![](/thumb.php?f=Sauherad%2C_Noradalsvegen-1.jpg&width=400)
Noradalsvegen sett nordvestover mot to Norendal-gardar.
Foto: Roy Olsen (2018).
Vegen har namn etter Norendal-gardane.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart