Nordfjordeid
Nordfjordeid er ein tettstad og administrasjonssentrum i Stad kommune, Nordfjord i Vestland fylke. Staden ligg ved Eidsfjorden, som er ein arm av Nordfjorden. 1. januar 2016 hadde Nordfjordeid 2891 innbyggjarar.
Nordfjordeid er eit kommunikasjonsknutepunkt og handelssentrum for store delar av regionen Nordfjord. Her ligg det dessutan fleire skular; Eid har både vidaregåande skule, ungdomsskule og barneskule. Det er ein god del industri på staden, mellom anna trevare-, næringsmiddel-, verkstad- og møbelindustri. Eid kyrkje og Bedehuset Betania ligg på Nordfjordeid.
Avisa Fjordabladet vert utgjeve frå Nordfjordeid.
Galleri
Kjelder
- Nordfjordeid i Store norske leksikon
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2016.