Odd Aarsand
Odd Aarsand (fødd 28. mars 1888 på Årsand i Kvinnherad, død 24. juni 1971) var lærar og kyrkjesongar på Avaldsnes. Han var òg ordførar i bygda. Ei tid var han dessutan postopnar, og han sat som formann i ungdomslag og lærarlag.
Han var son av bonde og laksefiskar Anders G. Aarsand og Dorotea f. Havnerås. Odd Aarsand tok eksamen ved Volda lærarskule i 1911 og fleire lærarkurs. I 1919 fekk han statsstipend for å vere med på et lærarkurs på Store-Milde. Også dei yngre brørne Anders og Jens Aarsand vart lærarar.
Som nyutdanna var Aarsand fyrst lærar i Skånevik, før han i 1914 vart tilsett ved Skeie skule på Avaldsnes i noverande Karmøy kommune.
Aarsand var gift to gonger. Den fyrste kona heitte Bertha; ho var dotter av lærar Sven Tjoland og Marta Olsdotter. Etter at Bertha døydde, gifta Jens Aarsand seg opp att med Johanna Kolltveit (1895-1992), dotter av båtbyggjar Johannes Kolltveit og Brita. I det fyrste ekteskapet hadde Aarsand to søner, i det andre fem søner og to døtrer.
Da Odd Aarsand vart pensjonist, etter 47 år som lærar, flytta han og kona til Storesund i Torvastad. Ekteparet er gravlagt på Avaldsnes kyrkjegard.
Kilder og litteratur
- DIS-Norge: Gravminner i Norge (id. 1707119)
- Odd Aarsand i Historisk befolkningsregister.
- Od Andersen i folketeljinga 1900 for Kvinnherad herred frå Digitalarkivet
- Odd Aarsand i folketeljinga 1910 for Volda herred frå Digitalarkivet
- Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket
- Stavanger Aftenblad, 25. mars 1963: Omtale i høve 75-årsdagen