Ola Helset

Ola Olsson Helset (fødd 31.12 1829Helset i Volda, død 1906 i Høydalen) var son til Ola Danielsson Helset og Brit Larsdotter Håvik, som var ein velståande familie på Helset. Han kom over fjellet på Feirdalen og gifta seg med enkja Ane Eline Mortensdotter Høydalsbø (født 29. desember 1833 på Høydalsbøen i Volda, død 1924 på Høydalsdalen, Volda). Dei fekk tre born i lag:

  • Lars Olai f. 21.1.1867, tok over garden etter foreldra.
  • Brit Marie f. 21.2.1869, fekk med seg 12 000 kr og busette seg i Skjerva, Halkjelsvik.
  • Marta Høydalsdal f. 23.1.1876, gifta seg til Straume i Kilsfjorden.

Ola Olsson var ein rik mann den gongen og lånte ut pengar til gardar som ikkje hadde so mykje. Han eigde òg ein gard på Folkestad og ein gard på Brune i Dalsfjorden. Han bygde seg båtbyggjeri, og lærte vekk båtbyggjarkunnskapar til Rasmus J. Høydalsvik, som seinare fekk til eit båtbyggjeri. Han bygde òg bedehuset i Høydalen, som varte i nesten 100 år. Han og familien stod opp klokka 6 kvar morgon for å be.

Kjelder