Olav K. Sandnes

Olav K. Sandnes (født 30. mars 1901, død 15. desember 2005) vaks opp på Sandnes (gnr. 28/6) i Bygland, som eldstebarnet til landhandlar/bonde Knut O. Sandnes og Sigrid. Olav K. Sandnes tok seinare over garden. På sine eldre dagar fekk han plass på Byglandsheimen.

Sandnes vart 104 år gamal og etterlet seg born, borneborn, oldeborn og tippoldeborn. Avisa Dag og Tid synte i høve 104-årsdagen hans i 2005 til eit stort oppslag i Setesdølen, der det vart hevda at Sandnes var den eldste mannen som nokon gong hadde levd i Setesdal.

Kjelder og litteratur


  På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.