Osterøy sogelag
Osterøy sogelag i Osterøy kommune vart skipa i 1986. Laget gjev ut årsskriftet Osterøy i soge og samtid og har til føremål «å vekkja interesse og skapa skjønsemd for historie og lokalhistoriske tiltak i Osterøy. Det skal arbeida med opplysning og spreiing av kunnskap om vår kulturarv og verna om kulturminne av alle slag». I 2006 valde Hosanger sogelag å leggja ned arbeidet, og dei fleste medlemene gjekk inn i Osterøy sogelag.
I 2019 hadde laget 116 medlemmer.
Leiarar/sentrale personar
Geir Kleiveland har vore leiar heilt sidan oppstarten. Rune Revheim, Leiv Mæhle og Håkon Aasheim har alle sete i styret i over 20 år.
Hovudaktivitetar
Utgjeving av lokalhistoriske bøker. I tillegg kan desse arrangementa nemnast:
- 2007: Tilskipar av årsmøte/lokalhistoriske dagar for Hordaland sogelag.
- 2016: «Vegalangs på Osterøy» - i høve utgjeving av bok med same tittel skipa laget til busstur rundt Osterøy.
- 2019: Tur rundt Osterøy med veteranbåten DS «Oster», 75 deltakarar.
Publikasjonar
- Hauge, Johs. L.: Minne og opplevingar frå mange år. Utg. Osterøy sogelag. 1990. 102 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Kleiveland, Geir: Osterøy bygdebok. Allmennnsoge. Utg. Osterøy sogelag. 2007-
- Band 1: Frå dei eldste tider til 1870. 2007. 573 s. ISBN 978-82-91229-16-4. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Band 2: Frå hamskiftet til i dag. 2011. 625 s. ISBN 978-82-91229-23-2. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Kleiveland, Geir (red.): Osterøy til fots : kulturhistoriske vandringar. Utg. Osterøy sogelag, 2003. 192 s. Digital versjon på Nettbiblioteket. Utvida utgåve 2015, 237 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Kleiveland, Geir: Vegalangs på Osterøy : ei kulturhistorisk reise. Utg. Osterøy sogelag, 2016. 240 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Kleiveland, Rolv: Det var slik det var : spreidde minne frå ein barndom. Utg. Osterøy sogelag, 2001. 167 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Likt og ulikt frå Revheim. Skriftstyre: Åshild og Rune Revheim. Utg. Osterøy sogelag. 1992. 83 s.
- Njåstad, Maria, Jon Solberg: Gamle Lonevågen. Utg. Osterøy sogelag, 2006. 96 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Osterøy i soge og samtid. Sogeskrift for Osterøy. Utg. Osterøy museum, Osterøy sogelag og Hosanger sogelag. 1985-. ISSN 0803-0960.
- Revheim, Rune, Åshild Revheim: Likt og ulikt frå Revheim. Utg. Osterøy sogelag. 1992. 83 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Selvik, Torstein: Gardssoga for Mjedlagardane. Utg. Osterøy sogelag. 2000. 144 s. ISBN 82-91229-06-6. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Ættebok for Gjerstad og Haus. Utg. Osterøy sogelag. 1992. 257 s. Merknad: Boka er ei vidareføring av Haus i soga og segn b. 1-2, utg. 1958-59. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Laget gir dessutan ut tradisjonskalendrar for Osterøy.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).