Peter Daniel Baade

Peter Daniel Baade (1737-1823), sokneprest i Borgund og prost på Sunnmøre. Han vart fødd i Trondheim i 1737, og foreldra var Daniel Baade og Helle Maria Pedersdatter Lange. Peter Daniel Baade tok teologisk eksamen i 1757. I 1762 reiste han til Danmark og heldt der fram med studiar, og i 1764 avla han kandidateksamen i jus. Same år kom han til Trondheim, der han vart amanuensis hos biskop Johan Ernst Gunnerus. Han deltok i arbeidet med å reorganisere Vitenskapsselskapet i byen, og i 1767 vart han utnemnd til den første bibliotekaren ved denne lærdomsinstitusjonen. I 1768 vart han kalt til sokneprest i Lidemark og Bjæverskov på Sjælland. I 1785 vart han tilsett som sokneprest i Borgund på Sunnmøre. I dette embetet sat han til 1816, då han trekte seg attende p.g.a. svekka helse. Han var også prost på Sunnmøre i perioden 1792-1816. Peter Daniel Baade vart i 1773 gift med Karen Friis Spliid (1775-1813), og saman fekk dei ni born. Peder Daniel Baade døydde i Borgund i 1823.

Peter Daniel Baade var valmann for Borgund prestegjeld våren 1814. På distriktssamlinga i Molde 30. mars 1814 vart Baade vald som representant til Eidsvollsforsamlinga, men han sa frå seg valet på grunnlag av høg alder. Baade var den eldste av dei som deltok på distriktsforsamlinga i Molde.

Kjelde: