Posthusbakken
Posthusbakken i Seljord sentrum er ein blindveg som går nordover frå Gamle Gullnesveg og er 257 meter lang.
![](/thumb.php?f=Seljord%2C_Posthusbakken-1.jpg&width=400)
Posthusbakken sett nedover mot Gamle Gullnesveg.
Foto: Roy Olsen (2018).
Vegen har namn etter postkontoret som låg ut mot Brøløsvegen og vart namnsett i 2005. Postmeister Einar Sveinsson budde i Posthusbakken 1.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no