Rånå

Rånå er ein namnegard og ei lita grend heilt vest-nordvest i Lesja kommune. Rånå grensar i vest til fylkesgrensa mot Møre og Romsdal og Brøstdalen, i sør til statsallmenning i det fjellområdet som i nyare tid er kalla Reinheimen, i nord til Bjorli og i nordaust til Einbu.

Rånå skule. Foto: Arnfinn Kjelland

Namnegarden og grenda har namn etter den særmerkte fjelltoppen Rånåkollen, der førsteleddet er eit usamansett, ubestemt gamalt naturnamn, rani. Det tyder opphavleg snute eller tryne, men er her ifølgje Oluf Rygh nytta i overført tyding: spiss eller framstikkande nut, og da sjølvsagt med referanse til fjellet.

Det var to bruk i Rånå frå tidleg på 1600-talet. Størst folkemengd var det i 1865, da det budde 99 menneske på 13 gardar og plassar i grenda. Frå 1919 hadde grenda eigen skule.

Litteratur