Røst kyrkje

Røst kyrkje er ei langkyrkje i tømmer på Røst. Ho vart bygga i 1900, og påbygga i 1971. Den har 270 sitteplassar.

Røst Kyrkje
Røst kirke September 2019.jpg
Røst kyrkje hausten 2019
Foto: Kurt E. Klappe-Holm
Stad: Røst
Byggeår: 1900
Endringar: Påbygd 1971
Arkitekt: Mikaelsen
Materiale: Tre
Sitteplassar: 270

Det har vore fleire kyrkjebygg på Røst opp gjennom historia. Den eldste kyrkja vi kjenner til brann i 1715. Ho vart erstatta av ei tømmerkyrkje med korsforma grunnplan sett opp i 1716, som vart rive i 1785. Det vart oppført ei ny kyrkje same stad, ho vart delvis ødelagt av brann etter lynnedslag i 1824, og etter at ho vart satt i stand totalt ødelagt av ein orkan i januar 1835.

Kyrkjestaden vart då flytta 680 meter mot nordaust, og det var sett opp ei lita steinkyrkje i 1839. Ho vart vigsla medan Christian August Grønvold var sokneprest på Værøy og Røst, og påbygd med kor og sakristi i tømmer i 1883. Ho vart rive i 1900.

Galleri

Kjelder


Artikkelen Røst kyrkje er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.